Etter to år i hovedstyret måtte vår kjære kultleder Monja gi fra seg roret som leder for NTNUI (skjønner du ikke referansen om kultleder, finn din nærmeste Klubbavis og les der)! Ved akklamasjon ble den følgende gjengen av flotte NTNUI-ere valgt inn som Hovedstyret 2022:
Leder – Sebastian Cheng
Nestleder – Ingrid Klokkervold
Hovedkasserer – Christian Køhl
Økonomiansvarlig – Benjamin Bøe
Styremedlem – Julie Heiervang Johnsen
Styremedlem – Torstein Wiiger Opsahl
Styremedlem – Jenny Hunvik
Styremedlem – Birgitte Furulund
Varamedlem – Hanne Therese Olsen
2. Varamedlem – Fredrik Warvik
Vil du vite mer om denne flotte gjengen og deres planer for 2022? Følg med på NTNUIs nyhetsbrev for mars, som kommer i første halvdel av april! Vil du ha nyhetsbrevet på mail, meld deg på her eller følg med på https://ntnui.no/nyheter/.
En god klem da avtroppende leder Monja Lien Jakobsen ga ordet til påtroppende leder Sebastian Cheng. Foto: NTNUI Blits/Torbjørn Wiik
Kristi himmelfartsdag nytta om lag 50 grønkledde NTNUI-medlemmar fridagen til å rydde i Trondheim Sentrum. Ulike typer rot og rusk i gatene, parkane og ved busstoppa vart samla saman i søppelsekkar, og fjerna frå bysentrum. Under normale tilhøve kunne store deler av byen nytt godt av dette under 17.maifeiringa i neste veke.
Nokre av deltakarane under ryddeaksjonen.Foto: Eivind Jølsgard/NTNUI Blits
Nesten 50 deltakarar
NTNUI håper idrettslaget si rydding av sentrumsgatene kan bli ein tradisjon heile byen kan nyte godt av dei neste åra. Stine Bertelsen frå NTNUI Hovudstyret er godt nøgd med denne første gjennomføringa. Ho fortel at initiativet til ryddeaksjonen kom frå volleyballgruppa, og at ho og resten av hovudstyret var raske til å også få med fleire undergrupper i idrettslaget. — Det var utruleg kjekt å sjå så mange NTNUIarar på ein gang, seier Bertelsen, som fortel at det er lenge sidan sist NTNUI hadde ei så stor fysisk samling. Sidan arrangementet var utandørs var det mogleg å vere mange samla på tvers av grupper. Dermed vart arrangementet både eit nyttig avbrekk frå eksamenslesinga og ein fin sosial møtestad på tvers av gruppene.
Stine Bertelsen frå NTNUI Hovudstyret var ansvarleg for aksjonen. Arkivfoto: Oskar Hope-Paulsrud/NTNUI Blits
Gode tilbakemeldingar
Erfaringane frå ryddinga var særs positive. Ivrige søppel-plukkarar gjekk gjennom byen i høg fart, og fekk gjort gatene reinare på sin tur gjennom byen. Også Marinen og Festningen fekk dugnadsgjengar i grøne jakker på besøk. Det gode været ga gode arbeidsforhold, og alle frivillege fekk servert både pizza og bollar i etterkant av ryddinga. No er målet å skalere opp ytterlegare for neste år, slik at ein kan få samla enda fleire deltakarar når gatene skal ryddast før 17.mai da. Det trur Bertelsen er mogleg å få til, med enda tidlegare planlegging og gode erfaringar frå årets rydding som eit godt fundament for det arbeidet.
Sosialt å rydde
Det var mange røyksneipar og snusrestar å plukke. Her er det Marte Lauvås som rydder. Foto: Eivind Jølsgard/NTNUI Blits
To av dei mange som var med å rydde var Astrid Vangdal og Marte Lauvås. Dei spelar begge på det nyopprykka eliteserielaget i volleyball, og hadde saman med resten av laget sitt satt av to timar til aksjonen. Lauvås fortel at det var kjekt å vere med på noko sosialt i NTNUI igjen, etter mange avlysingar den siste tida. Dei to gjekk primært i Olav Tryggvassons gate, saman med andre frå volleyballgruppa. Dei to frivillege ryddarane og Bertelsen fortel begge om gode tilbakemeldingar frå innbyggarar som møtte på den fargerike dugnadsgjengen på veg gjennom bysentrum. — Det var veldig triveleg å høyre undervegs at innsatsen vart satt pris på, seier Vangdal, og får støtte av Lauvås. Vidare seier Vangdal at ho også er glad for å kunne gje noko tilbake til studiebyen som har gitt ho så mange gode opplevingar dei siste åra, i tillegg til at det å kunne treffe NTNUIarar frå andre grupper igjen var artig.
Sentrumsgatene vart farga grøne av ryddarane frå NTNUI.Foto: Eivind Jølsgard/NTNUI Blits
Røyksneipar overalt
Mange lurer nok på kva ryddegruppene fann i byen? Det vanlegaste funnet var røyksneipar og snus, som låg nærast strødd over alt på gatene. Fleire deltakarar ga etter arrangementet uttrykk for overrasking over kor mange røyksneipar som berre nesten hadde treft søppelbøttene rundt om på busstoppa i sentrum. Det var også mange munnbind å finne, i tillegg til meir kuriøse ting som skjerf og genserar. No er i alle fall byen og sentrum reinare enn tidlegare i veka, og dei mange deltakarane frå NTNUI håper Trondheim verkeleg har fått merke at den er ein studenterby!
Jens Inge Bakketun er leiar i volleyballgruppa og ein av initiativtakarane til arrangementet. Han er, som ein kan sjå her, særs godt nøgd med gjennomføringa!Foto: Eivind Jølsgard/NTNUI Blits
Fire personar frå fire ulike grupper i NTNUI var med på å teste bårebæring for NRK i fjor haust. No har konkurransa blitt tatt med i TV-programmet Norges Tøffeste, og her fortel deltakarane om deira oppleving.
NRK har laga denne videoen frå båreberinga sist haust. Video: NRK/Kristoffer Bergersen.
Test for populært NRK-program Tredje sesong av TV-programmet Norges Tøffeste er i gang på NRK. Programleiar Jørgine “Funkygine” Vasstrand og 10 godt trente unge deltakarar med bakgrunn frå ulike idrettar eller treningsformer er å sjå på skjermen kvar fredag. Deltakarane blir sett på tunge fysiske prøver, med mål om å finne ut kven som er Norges tøffeste. Før programmet skal spelast inn er det viktig for NRK både å teste korleis oppgåvene fungerer, og å finne ut kor godt dei eignar seg på TV. Fire NTNUI-medlemmer var med på å teste bårebæring i september.
Konkurrerte i båretransport Fredrik Warvik (friidrett), Preben Hagen Hestad (e-sport), Ellen Marie Ariansen (calisthenics) og Nikolai Brodin (snowboard og freeski) var dei fire deltakarane frå NTNUI. Oppgåva dei skulle løyse var å transportere ein person fortast mogleg på ei båre langs togskinner. Dei sto heilt fritt til å velje kordan oppgåva vart løyst, så diskusjon om moglege framgangsmåter sto sentralt. Videoen over gir eit innblikk i dei ulike tilnærminga til korleis oppgåva vart løyst.
Det vart ein lang dag med tøff bårebering for dei fire frå NTNUI. Foto: NRK.
To ulike strategiar for å løyse oppgåva Warvik og Hestad fortel at bårebæring var ei heilt ny oppgåve for dei. Brodin hadde vore borti liknande i militærtenesta si, men dei tre andre gjekk til oppgåva med blanke ark. Dei fann raskt to hovudstrategiar som vart testa ut. Den eine gjekk ut på å ha to personar om gongen som bar båra, medan den andre strategien var at alle fire bar. Den første metoden gir fordelar med tanke på at det er lettare koordinativt å halde båra stabilt med to personar, medan den andre metoden gir mindre vekt å bere for kvar av dei som løfter båra. — Vi fann raskt ut at den eine tilnærminga var langt betre enn den andre, seier Hestad.
Og, då programmet vart vist på TV, valde dei to konkurrerande laga faktisk kvar sin av desse to metodane. — Eg var da sikker på kven som kom til å vinne, basert på det vi hadde erfart under testinga, held han fram. At sigersmarginen vart så stor som han vart, var likevel litt overraskande for både Warvik og Hestad. Kva metode som var den beste skal vi ikkje røpe her, episoda ligg ute i NRK TV. For dei to komande ingeniørane Hestad og Warvik var det uansett ei god oppleving både å knekke koden for konkurransa og å bere båra.
Kjekt å samarbeide på tvers av idrettar Det har ikkje vore så mange store arrangement på tvers av NTNUI-gruppene det siste året, av nokså sjølvforklarande årsaker. Både Warvik og Hestad trekk fram at det var kjekt å treffe og samarbeide med medlemmar frå andre NTNUI-grupper. Oppgåva var nokså fysisk krevjande, men stilte også høge krav til samarbeid, skildrer dei to. Det å gjere noko annleis enn ein gjer til vanleg, er også noko Warvik trekk fram som kjekt. Det å få litt innblikk i korleis NRK produserer TV-program, er også ei anna interessant oppleving dei to nevner. Warvik fortel at dei vart filma av tre ulike fotografar, inkludert ein dronefotograf. No ser begge to framover mot nye arrangement i framtida, og fleire artige opplevingar i NTNUI i tida som kjem.
Les reisebrevet fra NM helgen til NTNUI Rumpeldunk.
Saken fortsetter etter bildet
Foto: Ragnhild Dahl
Forrige helg var det for syvende gang klart for NM i rumpeldunk, og 18 spillere var klare for å representere NTNUI Rumpeldunk. Etter er tøff helg kan vi for fjerde år på rad ta med gullet hjem til Trondheim.
Til de som lurer: rumpeldunk er en fullkontakt sport som kan minne om håndball eller rugby. I tillegg har man element av kanonball der spillere kan skytes ut av spill for en liten stund. Rumpeldunk har vært i Norge siden 2012 og NTNUI er det eldste laget i Norge.
SAKEN FORTSETTER ETTER BILDET
FOTO: Norges Rumpeldunkforbund
NM i år ble arrangert i Oslo med seks deltagende lag. Turneringen begynte med et gruppespill der alle lag spilte mot hverandre. Vi tapte kun en kamp og ble derfor plassert på en foreløpig andreplass. Turneringen gikk så videre til sluttspillhvor vi vant i semifinalen og dermed sikret oss en plass i finalen. I finalen møtte vi OSI Quidditch, vår største rival i Norge. Finalen var spennende, men NTNUI stakk til slutt ganske komfortabelt av med seieren.
For mange av spillerne våre var dette første turnering. Laget vårt er en god blanding av helt nye spillere og gamle travere. Vi sier oss godt fornøyde med spillernes innsats og er stolte over hvor mye de nye rekruttene har lært på så kort tid.
SAKEN FORTSETTER ETTER BILDET
FOTO: Ragnhild Dahl
Med NM i lomma er vi klare for neste utfordring: EQC. European Quidditch Cup blir avholdt hvert år og er rumpeldunks svar på Champions leauge. Lag fra hele Europa samles i år i Belgia for å kjempe om å være Europas beste klubblag. I 2017 ble NTNUI nummer 4, og året etter nummer 9. I år håper vi også på et godt resultat!