Tøffe NTNUIarar testa øvingar før NRK-program

Tekst: Vegard Buset | NTNUI Blits | Foto: NRK/Kristoffer Bergersen

Fire personar frå fire ulike grupper i NTNUI var med på å teste bårebæring for NRK i fjor haust. No har konkurransa blitt tatt med i TV-programmet Norges Tøffeste, og her fortel deltakarane om deira oppleving.

NRK har laga denne videoen frå båreberinga sist haust. Video: NRK/Kristoffer Bergersen.

Test for populært NRK-program
Tredje sesong av TV-programmet Norges Tøffeste er i gang på NRK. Programleiar Jørgine “Funkygine” Vasstrand og 10 godt trente unge deltakarar med bakgrunn frå ulike idrettar eller treningsformer er å sjå på skjermen kvar fredag. Deltakarane blir sett på tunge fysiske prøver, med mål om å finne ut kven som er Norges tøffeste. Før programmet skal spelast inn er det viktig for NRK både å teste korleis oppgåvene fungerer, og å finne ut kor godt dei eignar seg på TV. Fire NTNUI-medlemmer var med på å teste bårebæring i september.

Konkurrerte i båretransport
Fredrik Warvik (friidrett), Preben Hagen Hestad (e-sport), Ellen Marie Ariansen (calisthenics) og Nikolai Brodin (snowboard og freeski) var dei fire deltakarane frå NTNUI. Oppgåva dei skulle løyse var å transportere ein person fortast mogleg på ei båre langs togskinner. Dei sto heilt fritt til å velje kordan oppgåva vart løyst, så diskusjon om moglege framgangsmåter sto sentralt. Videoen over gir eit innblikk i dei ulike tilnærminga til korleis oppgåva vart løyst.

Det vart ein lang dag med tøff bårebering for dei fire frå NTNUI. Foto: NRK.

To ulike strategiar for å løyse oppgåva
Warvik og Hestad fortel at bårebæring var ei heilt ny oppgåve for dei. Brodin hadde vore borti liknande i militærtenesta si, men dei tre andre gjekk til oppgåva med blanke ark. Dei fann raskt to hovudstrategiar som vart testa ut. Den eine gjekk ut på å ha to personar om gongen som bar båra, medan den andre strategien var at alle fire bar. Den første metoden gir fordelar med tanke på at det er lettare koordinativt å halde båra stabilt med to personar, medan den andre metoden gir mindre vekt å bere for kvar av dei som løfter båra.
—  Vi fann raskt ut at den eine tilnærminga var langt betre enn den andre, seier Hestad.

Og, då programmet vart vist på TV, valde dei to konkurrerande laga faktisk kvar sin av desse to metodane.
— Eg var da sikker på kven som kom til å vinne, basert på det vi hadde erfart under testinga, held han fram.
At sigersmarginen vart så stor som han vart, var likevel litt overraskande for både Warvik og Hestad. Kva metode som var den beste skal vi ikkje røpe her, episoda ligg ute i NRK TV. For dei to komande ingeniørane Hestad og Warvik var det uansett ei god oppleving både å knekke koden for konkurransa og å bere båra.

Kjekt å samarbeide på tvers av idrettar
Det har ikkje vore så mange store arrangement på tvers av NTNUI-gruppene det siste året, av nokså sjølvforklarande årsaker. Både Warvik og Hestad trekk fram at det var kjekt å treffe og samarbeide med medlemmar frå andre NTNUI-grupper. Oppgåva var nokså fysisk krevjande, men stilte også høge krav til samarbeid, skildrer dei to. Det å gjere noko annleis enn ein gjer til vanleg, er også noko Warvik trekk fram som kjekt. Det å få litt innblikk i korleis NRK produserer TV-program, er også ei anna interessant oppleving dei to nevner. Warvik fortel at dei vart filma av tre ulike fotografar, inkludert ein dronefotograf. No ser begge to framover mot nye arrangement i framtida, og fleire artige opplevingar i NTNUI i tida som kjem.

NRK-programmet med bårebering finn du på denne lenka.

Foto: NRK.