NTNUI rydda i Midtbyen før 17.mai – La den få merke den er en studenterby!

Tekst: Vegard Buset | NTNUI Blits | Foto: Eivind Jølsgard

Kristi himmelfartsdag nytta om lag 50 grønkledde NTNUI-medlemmar fridagen til å rydde i Trondheim Sentrum. Ulike typer rot og rusk i gatene, parkane og ved busstoppa vart samla saman i søppelsekkar, og fjerna frå bysentrum. Under normale tilhøve kunne store deler av byen nytt godt av dette under 17.maifeiringa i neste veke.

Nokre av deltakarane under ryddeaksjonen. Foto: Eivind Jølsgard/NTNUI Blits

Nesten 50 deltakarar


NTNUI håper idrettslaget si rydding av sentrumsgatene kan bli ein tradisjon heile byen kan nyte godt av dei neste åra. Stine Bertelsen frå NTNUI Hovudstyret er godt nøgd med denne første gjennomføringa. Ho fortel at initiativet til ryddeaksjonen kom frå volleyballgruppa, og at ho og resten av hovudstyret var raske til å også få med fleire undergrupper i idrettslaget.
—  Det var utruleg kjekt å sjå så mange NTNUIarar på ein gang, seier Bertelsen, som fortel at det er lenge sidan sist NTNUI hadde ei så stor fysisk samling.
Sidan arrangementet var utandørs var det mogleg å vere mange samla på tvers av grupper. Dermed vart arrangementet både eit nyttig avbrekk frå eksamenslesinga og ein fin sosial møtestad på tvers av gruppene.

Stine Bertelsen frå NTNUI Hovudstyret var ansvarleg for aksjonen. Arkivfoto: Oskar Hope-Paulsrud/NTNUI Blits

Gode tilbakemeldingar


Erfaringane frå ryddinga var særs positive. Ivrige søppel-plukkarar gjekk gjennom byen i høg fart, og fekk gjort gatene reinare på sin tur gjennom byen. Også Marinen og Festningen fekk dugnadsgjengar i grøne jakker på besøk. Det gode været ga gode arbeidsforhold, og alle frivillege fekk servert både pizza og bollar i etterkant av ryddinga. No er målet å skalere opp ytterlegare for neste år, slik at ein kan få samla enda fleire deltakarar når gatene skal ryddast før 17.mai da. Det trur Bertelsen er mogleg å få til, med enda tidlegare planlegging og gode erfaringar frå årets rydding som eit godt fundament for det arbeidet.

Sosialt å rydde

Det var mange røyksneipar og snusrestar å plukke. Her er det Marte Lauvås som rydder.
Foto: Eivind Jølsgard/NTNUI Blits

To av dei mange som var med å rydde var Astrid Vangdal og Marte Lauvås. Dei spelar begge på det nyopprykka eliteserielaget i volleyball, og hadde saman med resten av laget sitt satt av to timar til aksjonen. Lauvås fortel at det var kjekt å vere med på noko sosialt i NTNUI igjen, etter mange avlysingar den siste tida. Dei to gjekk primært i Olav Tryggvassons gate, saman med andre frå volleyballgruppa. Dei to frivillege ryddarane og Bertelsen fortel begge om gode tilbakemeldingar frå innbyggarar som møtte på den fargerike dugnadsgjengen på veg gjennom bysentrum.
— Det var veldig triveleg å høyre undervegs at innsatsen vart satt pris på, seier Vangdal, og får støtte av Lauvås. Vidare seier Vangdal at ho også er glad for å kunne gje noko tilbake til studiebyen som har gitt ho så mange gode opplevingar dei siste åra, i tillegg til at det å kunne treffe NTNUIarar frå andre grupper igjen var artig.

Sentrumsgatene vart farga grøne av ryddarane frå NTNUI. Foto: Eivind Jølsgard/NTNUI Blits

Røyksneipar overalt


Mange lurer nok på kva ryddegruppene fann i byen? Det vanlegaste funnet var røyksneipar og snus, som låg nærast strødd over alt på gatene. Fleire deltakarar ga etter arrangementet uttrykk for overrasking over kor mange røyksneipar som berre nesten hadde treft søppelbøttene rundt om på busstoppa i sentrum. Det var også mange munnbind å finne, i tillegg til meir kuriøse ting som skjerf og genserar. No er i alle fall byen og sentrum reinare enn tidlegare i veka, og dei mange deltakarane frå NTNUI håper Trondheim verkeleg har fått merke at den er ein studenterby!

Her kan du sjå fleire bilete frå arrangementet. Kanskje ser du også nokon du kjenner?

Jens Inge Bakketun er leiar i volleyballgruppa og ein av initiativtakarane til arrangementet. Han er, som ein kan sjå her, særs godt nøgd med gjennomføringa! Foto: Eivind Jølsgard/NTNUI Blits