Vidar i Studentmesterskap i triatlon 2020

Det store målet mitt for sesongen var å prestere i Stavanger Triatlon, i starten av sommarferien. Men når konkurransen sjølvsagt bytta dato, var det berre til å trene vidare og håpe på ein ny moglegheit på å få vist meg sjølv kva eg klarer. Derfor var det kjempekjekt å sjå Studentmeisterskap i triatlon tilbake på planen.

I vekene før konkurransen fekk eg testa springeforma saman med sterke representantar frå trigruppa i testveka. Eg overgjekk mine eigne forventingar, og sprang stødig inn på 18:48 på 5000 meter. Symjinga fekk eg testa saman med gamle klubben på Klepp. Også då fekk eg vist meg sjølv at forma var der den skulle vere. Einaste som mangla var å få testa ut sykkel forma, og å få tak i ein sykkel. Heldigvis er trigruppa bygga opp av eit personale av godkarar og godkvinner, så eg fekk låna ein ordentleg raser av Ole-Bernard. Då sa eg meg klar, og brukte dei siste dagane til å få ein liten formtopp.

På konkurransedagen var det tidleg opp på morgonen og lista seg for å prøva å ikkje vekka nokon i kollektivet. Asfalten var fuktig då eg trilla ned til Pirbadet, og eg blei mektig glad for at symjedelen var inne då eg fekk auge på havet. Eg fant fort ut at eg var påmeldt med best estimert tid, og hadde stor forventning til meg sjølv for å holde den plasseringa. Heldigvis var me berre 3 personar i banen, og me fekk god plass til å kave oss framover. Eg visste kva fart eg skulle halde, men kjente fort at det ville verte hardt. Etter 150 meter fekk eg smake litt på syra, som sakte byggja seg opp i kroppen. Men, etter symjinga skulle det vere god pause, så det var ingenting å spara på. Utslett slo eg inn og låg handa på kanten slik at tidtakarane skulle sjå deltakarnummeret mitt, og få notert ned tida mi. Det var veldig kjekt å få slått inn på den beste tida på 5.13 for symjinga.

OHope-Paulsrud-TriS2020Sneak-3.jpg
Foto: NTNUI Blits

Pausen fekk eg nytt med to veteranar, med fortellingar frå Swedeman og Norseman, mens eg åt fire gode brødskiver. Med dei fekk eg konsulert kledninga til etter jaktstarten, som blei tridrakt, med korte bein og korte armer. Det var jo tross alt blitt sol og vindstille. Oppvarminga mi til sykkel tok eg roleg, med fokus på å ikkje slita meg ut. Om eg eg skulle ver litt for kald var det mogleg å bli varm på sykkelen.

Som raskast i bassenget fekk eg starta først i jaktstarten, 3 minutter etter paraklassen. Eg spurta i sokkane mot sykkelen, men allereie før eg fekk sete meg på sykkelen var det nokon som hadde kome seg forbi meg. Endå ein flydde forbi, mens han tok på seg skoa på sykkelen. Dette var menn med mykje erfaring i skiftesonen. Vidare var det mange som fekk sykla forbi meg. Ein etter ein kom ryggar fram frå sida, og forsvann i horisonten. Sykling er mi svakaste side, og det er eg fullt klar over. Fokuset var på å ikkje sprekke før springinga, og det målet klarte eg å nå.

Det er noko heilt spesielt med å springa etter du har sykla. Føtene kjennes stive ut, og uansett farten du held, så verkar det seint samanlikna med sykkelfarta. Rett etter skiftesonen såg eg ein med eit godt tempo, og eit stort fint 11 tal på ryggen. Dette blei målskiva mi, eg måtte komma meg forbi. Eg blei heia fram av kjæraste, funksjonerer, og til og med luftkrigshøyskolen, eg nærma meg sakte men sikkert. Siste strekningen heim til mål var eg klar for å auka tempoet til innspurten, slik at eg kunne komma meg forbi, men han (nr.11) auka også tempoet. Saman sprang me som galningar, med verkande kroppar og pulsen på maks. Eg var i ryggen på han då me sprang forbi andre konkurrentar, men det var berre 11 talet som gjaldt for meg. Eg sprang for alt eg var god for, men han heldt seg først. 1 sekund etter han sprang eg over målstreken, betre hare kunne eg ikkje hatt.

Kroppen verka, hjarte hamra og det gjorde vondt å pusta. Men eg er ikkje i tvil om at det var kjekt. Alle delane blei gjennomført raskare enn på fjorårets TriSprint, og tempoet på springinga var høgare enn den var på testen. Det er godt å kjenne på kor sterk eg kan vere på mitt beste. Dårlege dagar kjem alltid til tider, men då har eg noko å sjå tilbake på, som viser meg kva eg faktisk er god for.