Månadens eldskjel: Maria Wanvik Hole

Tekst: Kathrin Østrem
Foto: NTNUI Blits/Elias Trana/Privat

Foto: NTNUI Blits

I NTNUIs nye spalte “Månedens Ildsjel” får de møta eit knippe utvalgte frivillige i NTNUI som legg ned ein uvurderleg innsats. I april skal de få møta Maria Hole frå NTNUI Lacrosse.

Andre om Maria

Maria har vært en utrolig viktig person for damelaget helt siden jeg startet på Lacrosse. Den innsatsen hun legger i arbeidet sitt er ubeskrivelig stor, og det virker ikke som om hun gjør noe annet (til tross for 100% jobb og et sosialt liv i tillegg). Etter endt sesong følger hun opp hver enkelt spiller med ros og tilbakemeldinger, som gjerne kan bestå av flere A4-sider. Dette er noe vi spillere setter stor pris på. Hun er også en gledesspreder uten like, og bidrar like mye til det sosiale som hun gjør som trener. Blant annet er hun veldig opptatt av at alle skal synes og bli inkludert. Jeg mener at Maria fortjener en stor takk for jobben hun gjør, da laget ikke hadde vært det samme uten henne!

– Keira Fredriksen, Nestleder NTNUI Lacrosse Damer

Namn: Maria Hole
Alder: 27 år
Gruppe: Lacrosse
År i NTNUI: Medlem sidan hausten 2019

Det er ein fin og solrik vårdag då eg møter ei smilande Maria. Ho har nettopp vore på lacrossetrening denne onsdagen, og ho stiller sterkt på intervju etter dette.

Hei! Så kjekt at du ville stille til intervju! Vil du byjra med å fortelje litt om deg sjølv, kven er Maria Hole?

-Hei! Ja, det kan eg gjere. Eg heiter Maria, er frå Oslo. Eg er 27 år, blir 28. Eg studerte økonomi i Oslo, etter det flytta eg til Trondheim for å studera entreprenørskap, innovasjon og samfunn. Eg var ferdig i 2021 og etter det har eg jobba i ein bedrift i Trondheim som heiter 6AM.

Korleis starta din reise i NTNUI?

-Eg byrja på lacrosse i 2015 då eg byrja på bacheloren min i Oslo. Etter det flytta eg til Trondheim og byrja å spela lacrosse hausten 2019, så kom jo korona. Då blei det stopp på treninga på vårhalvåret. På sommaren skulle laget skifte trenar, dei spurte om kven som var interessert. Eg sa at eg var interessert og fekk trenarjobben hausten 2020.

Korleis var det å overta trenarrolla midt i korona?

-Med alle koronarestriksjonane var det litt utfordrande. Ein måtte jo halde to meter noko som var litt utfordrande når lacrosse er ein kontaktsport. Men alt i alt gjekk det greitt. Me var heldige som kunne fortsette å trene, det trur eg var ein viktig faktor for at folk blei verande i den perioden! Det var så lite sosialt å finne på under korona, så det blei viktig for mange å bli med på lacrosse trening.

Foto: NTNUI Blits

Kvifor er du så engasjert i NTNUI?

-Når du spelar lacrosse og bytter by, er det på ein måte ein litt uskriven regel at ein kjem rett inn i ein klubb. Dette er for at dei vil auke og utvide idretten. Eg har jo spelt mot NTNUI før og kjente fleire som spela på laget.  Eg likar jo å spele lacrosse og eg ønsker å bidra til at dei som spelar lacrosse har eit godt treningstilbod, og at alle blir ivaretatt og trivst på laget. Eg ønsker at alle på laget skal bli betre spelarar, og difor er eg så engasjert i laget og trenarjobben.

Kva er ditt beste minne frå NTNUI?

-Det eine laget vant SL i år, det står igjen som eit veldig fint minne. Det er jo ekstra kjekt å vinne på heimebane! Det er også fleire fine minner frå kampar der eg ser utviklinga i laget. Me hadde ein NM-kamp der me spelte mot eit alumni-lag. Her ga me dei ein ordentleg kamp kor me spelte utruleg god lacrosse. I tillegg tok førstelaget bronse under Bergen Challenge, og rookielaget tok 4.plass! Det vil også stå igjen som eit høgdepunkt.

Foto: Elias Trana

Kor trur du NTNUI og lacrosse er om 10 år?

-Godt spørsmål.. Eg håpar me har to lacrosse lag i Trondheim slik at me har meir å spele mot i byen. Me har ingen lag i nærleiken, då blir det berre kampar under SL, Bergen challange og serierundar. I tillegg håpar eg det er like god kultur i lacrosse som det er no.

-For NTNUI trur eg og håpar utviklar seg slik at fleire får vere med i idrett! Det er jo uttakstreningar I dei største idrettane, og det er ikkje alle som kjem inn på eit lag. Difor ønsker eg at alle som vil halde på med idrett får vera med.

Har du ein hjartesak når det kjem til NTNUI?

-Ein av grunnane til at eg er trenar er fordi eg er veldig glad i lacrosse. Eg ønsker at folk skal få ein passion for lacrosse, utvikle seg og ha det kjekt på trening. Det å ha det kjekt er jo også knytt til å bli betre og å lære og at alle kjenner på ein meistringskjensle når dei spelar. Eg ønsker at folk trivst på laget og på banen.  

Kva tenkjer du om å bli nominert til månadens eldskjel?

-Det var kjempehyggeleg! Me er utruleg mange og har mykje treningar så det tar ein del tid. Det er ekstra kjekt at folk legg merke til innsatsen eg legg ned i laget. Eg er superglad i laget og blir så stolt når dei gjer det bra.

Kva for ein idrett ville du ha drive med om du ikkje hadde haldt på med lacrosse?

-Eg har spelt fotball i mange år, så det må nok bli det. Eg hadde litt lyst å spela volleyball når eg var yngre, men eg var vel litt for låg for det.. hehe. Det må nok bli fotball då det er det eg kan. Det finst så mange idrettar i NTNUI, så det er sikkert fleire eg ikkje har høyrt om som hadde vore morosamt å prøve.

Har du eit skjult talent?

-Hmm.. godt spørsmål. Eg trur ikkje er har noko bra skjult talent. Eg skulle gjerne kunne synga, det hadde vore praktisk men eg kjem ikkje på noko skjult talent.

Har du nokre planar vidare?

-Eg jobbar jo i Trondheim, og eg vil fortsette med laget. Det er ein veldig fin moglegheit å kunne vere trenar då eg ikkje kan spele sjølv. Akkurat no klarar eg ikkje å sjå for meg å ikkje vera trenar for jentene. Eg vil ha lacrosse i livet mitt!

Foto: Privat

Er det mange på laget som er nye til lacrosse?
 -Det kom eit nytt stort kull i haust. Dei fleste har spelt lacrosse i mellom 0-3 år. Det er veldig kjekt å sjå framgangen. Eg trur folk synest det er kjekt at alle byrjar frå skretch. Alle har ein veldig bratt læringskurve på starten noko som fører til ein sterk meistringskjensle og motivasjon. Eg har jo drive med fotball og andre idrettar før, men det var noko heilt spesielt å byrja på lacrosse som ein ny idrett.

Gjer dåke mykje sosialt på laget?

-Me gjer mykje sosialt ja. Eg synest me har eit veldig bra miljø, det er veldig viktig for meg at folk trivst. Alle skal føle at dei er med. I NTNUI-lacrosse-styret har me ein gut og ei jente som er sosialansvarleg og arrangerer ulike arrangement for laget. Det er hyggeleg at me har sosiale ting både med jentelaget og gutelaget.  Me drar jo også på turneringar ilag med dei. Me er opptekne av å vere sosiale på trening men også utanom.

Om du var stranda på ei aude øy, kven frå laget ville du ha tatt med deg?
Det er mange frå laget eg kunne ha tenkt meg å ta med… eg trur eg ville ha tatt med meg Camilla Farbrot. Eg trur me hadde klart oss bra!

Månedens ildsjel er en fast spalte som er laget av promogjengen i samarbeid med fotografene i NTNUI Blits. Ønsker du å nominere noen til månedens ildsjel? Send til blits-promo@ntnui.no”.