Reisebrev: NTNUI Volleyball har spela i Student-EM!

Tekst: Astrid Vangdal
Foto: Tomm Hansen/Volleyvektst & EUSA Volleyball & Jenny Hansen

NTNUI og BTSI
Foto: Tomm Hansen / Volleyvekst

Hu og hei kor tida går! 10 dagar i Portugal er over for 12 av våre spelarar i NTNUI volleyball, og for ei reise det har vore. Kort oppsummert blei ei faca av ein portugisar, ei blei Drumstick- godteri etter dag éin, og ordet «saus» har aldri blitt brukt så mykje på ei veke.

Allereie på flyplassen i Porto forstod me kva turnering me hadde i vente. Ut frå gaten kom det ei og ei jente på over 180 cm, og gjengen vår med gjennomsnittshøgde på 172 cm stod der med hakeslepp. Samstundes la eg merke til at laga hadde rundt 4-5 vaksne folk med seg, som for meg var naturleg å tenke var foreldra deira. Men neida. Det var trenar, assistenttrenar, fysio, medical osv osv. Medan vår trenar ikkje var mogleg å skilje frå spelarane. 

Lagbilde
Foto: Tomm Hansen / Volleyvekst

Første dagen skulle det vere trekning av grupper. Me stilte med to unge jenter og Vegard som dommar, og sjølvsagt sat me oss fremst fordi dette måtte me jo filme. Men då det kjem fire blodseriøse menn i dress må mobilen ligge litt i ro. Sjå for deg FIFA som skal trekke puljar, akkurat sånn. Nokre land klarte ikkje å dy seg med på juble då dei kom i pulje med Noreg (gutane, vel så merke). Var heilt sikkert nokon som jubla då dei kom i vår pulje også.

Opningsseremonien hadde me ingen forventningar til, men fyttikatta for ein oppleving! Gutane frå BTSI hadde med høgtalar og drog opp stemninga medan me gjekk i tog gjennom heile gamlebyen. Det var dansing og synging med fleire andre land, og heile arrangementet virka veldig proft. Då turneringa offisielt blei opna samla alle lag seg og dansa, og ein forstod då kva turnering dette kom til å bli. Samhold på tvers av lag og land!

Åpningssermoni under student-EM i volleyball
Foto: EUSA Volleyball

Å spele volleyball mot lag frå Sør-Europa skulle ikkje vere plankekøyring. Første puljekamp mot Valencia var rotete for begge lag, nesten sånn at me tenkte at dette kunne me eigentleg ta. Men kunne me eigentleg det? (Valencia kom på 4.plass i turneringa). Neste kamp var mot kjempene frå Italia, og her var me forberedt på å bli knust. Men, då spelte me knallbra. 3-0 tap blei det uansett, men kjekt å spele bra mot laget som vant heile turneringa til slutt. Siste kamp visste me at me kunne ta eit sett. Gjengen frå Aveiro i Portugal var ikkje dei mest blide me hadde sett, så var irriterande at dei tok oss 3-0. Dessverre blei me for pinglete då det verkeleg gjaldt. Det blei 4.plass i pulja og vidare til B-sluttspelet. 

Fra toget under åpningssermonien
Foto: EUSA Volleyball

Frå å spele tidlege kampar til å plutseleg spele kl 14 på dagen gjorde at mange tenkte: “yesss, litt meir søvn”. Men, å spele kl 14 på dagen skulle ikkje vere like lett. Ein begynner å lure kva portugisarane har tenkt når dei har bygga hallane sine. For kor er aircondition? I pausane måtte jentene prøve å tørke armane sine, for svetten stoppa aldri å komme. Om me knakk saman til slutt også? Ja. Me snakkar ikkje om det 3.settet der.


Når det ikkje gjekk så bra resultatmessig var det godt at Braga og arrangementet hadde mykje sosialt å by på. Fleire lærte seg å stupe i bassenget, fleire opplevde dei nydelege plassane i byen og fleire brukte nokre tusenlappar på shoppingsenteret. Arrangement-baren utanfor hallen bydde på nye venskap og øl-konkurranse på tvers av land. Noreg gjorde det ganske så bra.

Skumparty under student-EM i volleyball
Foto: Jenny Hansen

Resten av turneringa er eigentleg ikkje så viktig. Celina blei faca av ein portugiser, og eg fekk kyss frå trenaren. Både han og den albanske trenaren gleda seg til å sjå oss igjen. Om det var fordi me var artige, eller om dei då er sikra å ikkje kome på sisteplass, er usikkert. Me satsar på det første. Me har vertfall lært at solkrem er bra, at facing av portugiser kan nesten gi hjernerystelse og at saus kjem til å bli brukt til alle våre måltid heime framover. Skumparty har me erfart kan vere vellykka, så forventar noko sånt i Dødens Dal framover. På banen har me óg lært ekstremt mykje, og gler oss til å ta det med heim til NTNUI. Takk for turen til alle jentene, Vegard og ikkje minst gjengen frå BTSI. Dette har vore eit minne for livet og ein perfekt avslutning på NTNUI-karrierar for fleire av oss. Hu og hei for alltid <3