Innkalling til Ekstraordinær Generalforsamling hausten 2023

Hu og hei!

Det er no akkurat ein månad att til Ekstraordinær Generalforsamling. Bli med og bestem vegen viare for NTNUI. Du er velkommen!

Foto: NTNUI Blits
Foto: NTNUI Blits

Hovudstyret innkaller med dette til Ekstraordinær Generalforsamling hausten 2023.

Dato: 26. september 2023
Tidspunkt: start 17:00. Eg ville satt av heile kvelden. Registrering frå kl. 16:15.
Stad: Auditorium A1 på Handelshøyskolen. Kart her
Servering: Det blir servert mat under generalforsamlingen, serveringa vil være ca. midt i møtet.
For kven: Generalforsamlinga er for alle medlemmer i NTNUI. Har du betalt NTNUI-medlemskap og kan vise til gyldig medlemskap i medlemssystemet så har du stemmerett på generalforsamlinga. Alle gruppane i NTNUI har møteplikt, som vil si at alle gruppar må stille opp med minst èin representant.

Noko på hjartet? 
Har du saker du ønsker å ta opp til generalforsamlinga? Send det til hovedstyret@ntnui.no innan 12. september. Alle gruppar og enkeltpersonar i NTNUI kan ta opp sakar på generalforsamlinga. Er du usikker på om du skal ta opp sak eller ikkje kan du også ta kontakt med hovudstyret for å lufte tankane dine. 

Staup: Etter generalforsamlinga er det tradisjon for å springe opp til Studenterhytta – også kalla Staup. Ikkje alle gidder å springe, men vi bestiller transport, så det er berre å slenge seg med for jazzing, mat og hyttekos etter generalforsamlinga. Uavhengig om du ønsker å springe eller ikkje så kan du melde deg på her innan 20. september dersom du ønsker å vere med på det sosiale på Studenterhytta etter generalforsamlinga.

Ferdig saksliste: Sakslista sendast på mail til alle tillitsvalde og leggast ut på nettsida vår ntnui.no innen 19. september.
Vedtekter: NTNUIs vedtekter kan lesast her

Velkommen, flotte medlem! Har du nokon spørsmål eller innspel kan desse sendast til leder Jenny Hunvik (jenny.hunvik@ntnui.no) eller hovedstyret@ntnui.no.