Linjeforeningsleikane 2020 i gang

AktivCampus og volleyballgruppa samarbeidde om det første arrangementet i årets mest aktive veke på NTNU. Vi har prata både med arrangørar og deltakarar om turneringa.

Tekst: Vegard Buset | NTNUI Blits | Foto: Vebjørn Jokstad

Det var mange spanande kampar under volleyballturneringa søndag. Foto: NTNUI/Vebjørn Jokstad.

Full påmelding

Prosjektleiar Monja Lien Jakobsen i aktivCampus 2020.

Søndag starta årets linjeforeningsleikar med sandvolleyballturnering i Dødens Dal. Om lag 120 spelarar frå 16 ulike lag deltok, og det var fleire lag som ikkje fekk plass av smittevernomsyn.
—  Ein stor suksess, oppsummerar Monja Lien Jakobsen turneringa som.
Ho er prosjektleiar for AktivCampus, og kunne konstatere at litt gråvær ikkje hindra studentane i å kose seg i Dødens Dal. På bana var innsatsen på topp etter dei to første faddervekene, og no starter altså aktivCampus, “den tredje fadderveka”.

Artig å delta

Hanna Skeidsvoll, ny student på industriell design, var mellom dei mange deltakarane i turneringa. Laget Sirkus Leonardo hadde fått namnet sitt frå linjeforeninga (Leonardo), og stilte opp i badekåper. Skeidsvoll forklarer det ukonvensjonelle draktvalet med at dei ynskja å spele i noko enkelt og uformelt, men samstundes noko fleksibelt nok til å kunne spele ball. Ho fortel at laget består av både fadrar og nye studentar frå linjeforeninga, og at dei har hatt trivelege fadderveker. Volleyballturneringa skildrar ho også som artig, sjølv om dei fleste kampane har enda med tap.

Sirkus Leonardo hadde dei klart mest gjennomførte draktene i turneringa. Foto: NTNUI/Vebjørn Jokstad.

Kan også melde seg på som enkeltperson

Dei fleste laga på turneringa er linjeforeningslag eller faddergrupper slik som Sirkus Leonardo. Men det er også mogleg å melde seg på volleyballturneringa og andre arrangement i leikane som enkeltperson. Prosjektleiar Jakobsen fortel at tre av laga som deltek er samansett av personar som har meldt seg på enkeltvis. Dette blir også mogleg vidare gjennom veka. Når det gjeld Hanna Skeidsvoll og resten av laget hennar, har dei enno ikkje bestemt seg for om dei skal delta på meir gjennom veka. Men ho seier at inntrykket hennar av linjeforeninga er at det er godt miljø på tvers av trinna, og at dette absolutt var eit kjekt arrangement å delta på.

Viser kor viktig Dødens Dal er

Til stades på arrangementet var også leiar i NTNUI, Øystein Fruseth Christiansen. Han er full av godord om arrangementet og aktivCampus.

NTNUI-leiar Øystein Fruseth Christiansen var godt nøgd med arrangementet.
Foto: NTNUI/Vebjørn Jokstad

— Gode arrangement som dette viser kor viktig anlegga i Dødens Dal er for studentmiljøet i Trondheim, seier leiaren.

Som så mange andre er han godt nøgd med korleis aktivCampus bidreg til å skape aktivitet der studentane er, og verkeleg er med på å gjere universitetsområdet meir levande. Og skal ein dømme ut frå denne opningsturneringa, har studentane i Trondheim mykje energi igjen, før resten av linjeforeningsleikane og aktivCampus skal arrangerast den neste veka.

Heile programmet for aktivCampus finn du her.