— 1 000 000 meter på romaskin
Tekst: Vegard Buset | NTNUI Blits | Foto: NTNUI/Nils Dittrich
I samband med TV-aksjonen for plastfritt hav har NTNUI Roing eit verdsrekordforsøk på gang. Klarer dei å ro ein million meter på romaskin i løpet av 64 timar utan at maskina stoppar, og samtidig samle inn pengar til TV-aksjonen?
Vil slå verdsrekorden
Torsdag kveld går startskotet for det som truleg er NTNUI sitt mest ambisiøse bidrag til TV-aksjonen i år. 40 roarar frå NTNUI Roing står klare for den lengste romaskinstafetten dei nokon gong har delteke på. Olav Katle Fleten frå rogruppa fortel at den noverande verdsrekorden er på 64 timar og 10 minutt samanhengande roing, og at det er Peterborough Rowing som har den. Målet er å slå denne rekorden, altså å ro 1 million meter på kortare tid enn den engelske roklubben klarte.
Strenge krav for godkjent rekord
Det er ikkje så lett å få godkjent ein verdsrekord, og det stillast strenge krav til rekordforsøket. Det viktigaste er at romaskina aldri stoppar i løpet av dei mange timane forsøket pågår. Strategien rogruppa har lagt er å leggje opp til relativt korte etapper, på om lag 5-10 minutt kvar. Med andre ord vil effektive vekslingar bli ein nøkkelfaktor i forsøket på å slå rekorden. Sidan rekorden er i mixklassa, er det også krav om minst ein tredjedel menn og ein tredjedel kvinner på laget. Olav Fleten seier at akkurat dette kravet går veldig fint, sidan det er 20 menn og 20 kvinner som deltek for NTNUI.
Samarbeid med TV-aksjonen
Dei siste åra har P3-aksjonen på Solsiden fått stadig større merksemd under TV-aksjonen, spesielt i målgruppa for ungdom, unge vaksne og studentar. Også i år, til tross for pandemien, er NRK P3 på plass med sending frå Solsiden, og Fleten kan fortelje at rogruppa samarbeidar med P3-aksjonen om rekordforsøket. Romaskina vil bli plassert like ved studioet, så det verkar som det kan bli fleire innslag derfra undervegs.
— Og vi får nok sett nokre av programleiarane på romaskina også, hintar Fleten.
Vi får nok sett nokre av programleiarane på romaskinen
Olav Katle Fleten – NTNUI Roing
Pengeinnsamling via Spleis
Rekordforsøket startar torsdag kveld klokka 22.00. Dermed veit ein før klokka 12 på søndag formiddag korleis det går. Men for rogruppa er det ikkje berre rekorden som er viktig denne gongen.
— Vi samlar også inn pengar til TV-aksjonen, og har oppretta ein eigen Spleis, fortel Fleten. Der kan kven som helst sende pengar, som vil bli overført direkte til TV-aksjonen og kampen mot plastfritt hav etter rekordforsøket. Heile forsøket sendast også direkte på nett på roing.no, så det er gode moglegheitar for publikum til å få med seg korleis dei ambisiøse NTNUIarane gjer det!