NTNUI er klare for eit annleis semester

Korleis kan eg eigentleg bli med i NTNUI i år? Kor kan eg finne informasjon om dei ulike idrettane? Desse spørsmåla, og enda nokre til, har vi stilt til Emilie Faarup Storvik. Ho gir gode svar i denne korte introduksjonen til NTNUI hausten 2020.

Tekst: Vegard Buset | NTNUI Blits | Foto: Oskar Hope-Paulsrud/Nils Dittrich/Roland Richter

Langrenn er ein av mange idrettar ein kan vere med på i NTNUI. Foto: NTNUI Blits/Roland Richter

Intense førebuingar til semesteret

Emilie Faarud Storvik frå
NTNUI Hovudstyret

Gjennom 110 år har tallause studentar fått sjansen til å oppleve idrettsglede og kameratskap i NTNUI. Det skal også årets nye studentar få sjansen til. Men i 2020 er det meste annleis, også korleis ein som ny student vert kjent med idrettslaget med dei grøne og gule fargane. Emilie Faarup Storvik frå hovudstyret har arbeidd mykje med promotering av NTNUI i år, og fortel om ei intens periode med mykje arbeid for å få ting på plass til semesterstart. Ho skildrar korte tidfristar og stadige endringar gjennom våren og sommaren som utfordrande, men føler seg trygg på at NTNUI er klare for å ta mot nye studentar på ein god måte.

Fakta: NTNUI (trykk for å utvide)
  • NTNUI vart stifta i 1910.
  • NTNUI har over 12 000 medlemmar, dei langt fleste er NTNU-studentar.
  • Alle NTNU-studentar kan bli medlem i NTNUI.
  • Aktiviteten organiserast gjennom nær 50 grupper for dei ulike idrettane.

Virtuell stand

— I år blir den tradisjonrike standen virtuell, kan Storvik fortelje. Det er også planlagt ei livesending på nett like etter at immatrikuleringa er over, der ein kan lære meir om NTNUI og det rike aktivitetstilbodet. Ivrige frivillige i idrettslaget har lagt ned eit stort arbeid i forkant for å førebu denne sendinga. Den store studentfrivilligheten er noko Trondheim er stolte over å kunne profilere, og i NTNUI er det studentane sjølv som driv både idrettslaget og alle undergruppene. Det er desse studentane sin innsats for seg og sine medstudentar som får det største idrettslaget i Noreg til å gå rundt.

Meir enn idrett i NTNUI

— Denne hausten kjem vi til å ha eit særskilt fokus på å også rekruttere til NTNUI Admin, seier Storvik.

Ho forklarer at NTNUI Admin består av fleire små utval som gjer administrative oppgåver i idrettslaget, og danner sine eigne fellesskap av studentfrivillige. IT-utvalet NTNUI Sprint har utvikla digitalt medlemssystem, medlemsapp og heimesider for fleire av gruppene, for å nemne noko. Medieutvalet NTNUI Blits er for dei med interesse for fotografi, videoproduksjon, grafisk design eller liknande, og har mykje bra utstyr for dette. Det er også utval for økonomi, arrangement (NTNUI Event) og paraidrett, så idrettslaget føler seg trygge på å ha eit godt tilbod også for dei som ikkje nødvendigvis vil drive idrett.

Sportsstudio direkte på nett på måndag

Fleire av utvala er med på å produsere livesendinga etter immatrikuleringa måndag. Storvik gler seg stort til denne sendinga. Representantar frå mange ulike grupper kjem til å kome innom sportsstudioet i Dødens Dal ved Gløshaugen. Emilie Storvik ser ekstra fram til at reporterane skal få bryne seg på utfordringar frå nokre av gruppene, og kan røpe at både dansegruppa og innebandygruppa har utfordringar klare.

— Vi håper sendinga skal bidra til å gi god informasjon om NTNUI, seier ho, og legg til at det blir ope for å sende inn eigne spørsmål enten til studioet, i tillegg til at frivillige frå mange av gruppene vil introdusere sin idrett.

Normalt skjer mykje av utandørstreninga til NTNUI i Dødens Dal. Måndag blir det direktsendt sportsstudio frå same stad. Foto: NTNUI Blits/ Oskar Hope-Paulsrud

Har du ein bodskap til dei nye studentane?
— Som ny student bør du engasjere deg, og skaffe deg eit verv fort som fy! Gjerne i NTNUI. Eg har lært meir av verva mine enn av studiane, og synest det er ein super måte å få nye vener og utfordringar på, seier Storvik, som også er leiar i badmintongruppa i NTNUI og sit i rekrutteringsutvalet til Norges Studentidrettsforbund. Og ho er heilt klart inne på noko. Når eg snakkar med frivllige i NTNUI, trekk dei oftast fram venskap og samarbeid med andre frivillige som noko av det aller beste med NTNUI. Storvik fortel at ho lærer noko nytt av andre frivillige kvar einaste dag, og at det alltid er hjelp å få når ho treng det.

Da veit du altså kva du bør gjere som ny student på måndag. Finn noko du har lyst til å bli med på, og gjer det. Bli gjerne med i NTNUI, og kanskje ynskjer du også å ta på deg frivillige oppgåver der etter kvart? Studentidretten i Trondheim er stor, populær og grøn. Han er drive av studentar, slik han har vore i 110 år, og det kjem han til å vere også framover. Du, som ny student i 2020, kan sjå fram til å ta plass i den lange rekka av studentar som har opplevd idrettsglede og fellesskap i NTNUI.

Direktesendinga frå Dødens Dal kan du finne her.

NTNUI Dans opptrer her under opninga av det nye idrettsbygget på Gløshaugen sist haust. Måndag er dei klare med utfordringar til reporterane under direktesendinga. Foto: NTNUI Blits/Nils Dittrich