No kan du leige utstyr av NTNUI Bumerang igjen

Tekst: Vegard Buset | NTNUI Blits | Foto: Eivind Jølsgard

Opninga torsdag kveld vart ein stor suksess med over 100 bookingar – leiar Stian Rakke vil gjerne ha med fleire studentar som frivillige

Det var stort oppmøte under semesteropninga til Blits torsdag.

Utleige av turutstyr


Etter nær eitt år med låg aktivitet, opna NTNUI Bumerang endeleg for fullt igjen torsdag kveld. Dei driv utleige av mellom anna ski- og  turutstyr, og legg slik til rette for at studentar kan få oppleve naturen rundt Trondheim. Spesielt utvekslingsstudentar som enten har lite skierfaring frå før eller ikkje har tatt med seg utstyr heimefrå, er flittige brukarar av tilbodet. Leiar for Bumerang, Stian Rakke, fortel at etterspurnaden er valdsamt stor.
—  Hadde vi hatt dobbelt så store lokaler og dobbelt så mange frivillige, kunne vi nok ha leigd ut dobbelt så mykje, konstaterer han.

Fakta: NTNUI Bumerang (trykk for å utvide)
  • Leiger ut tur- og skiutstyr til studentar.
  • Du treng ikkje vere NTNUI-medlem for å leige utstyr.
  • Utstyr må bestillast på førehand, og hentast torsdag eller fredag mellom 17.00 og 18.00.
  • Lokala til Bumerang er i bygning 6 på Moholt, nær Herman Krags vei 28.

Utvekslingsstudentar som frivillige


Rakke har vore leiar i Bumerang heilt sidan starten i 2014. Denne våren har 20 studentar meldt seg som frivillige, alle utvekslingsstudentar. Da er det klart at ikkje alle har like god kjennskap til langrennsski frå før, men Rakke er imponert over kor fort dei frivillige lærer. Han skildrar eit tett fellesskap i Bumerang, der skiopplevingar og meistring er med på å knytte dei frivillige saman.
—  Dei frivillige gjer ein kjempejobb og vi er like mange som normalt, sjølv om det er færre utvekslingsstudentar i Trondheim enn normalt i år, seier Rakke.

Leiar Stian Rakke (sittande) og dei andre frivillige hadde god kontroll torsdag, tross den store pågangen.

Leiaren kunne likevel ynskt seg nokre fleire norske studentar også, det vil gjere det lettare å ha kontinuitet i drifta av organisasjonen. Han fortel at han har fått veldig mykje ut av sine møter med internasjonale studentar gjennom Bumerang. Mellom anna har han lært mykje av deira perspektiv, og fått tatt del i deira opplevingar når dei kjem til Noreg, prøver langrenn for første gong og utviklar nye venskap. Samstundes understrekar leiaren at Bumerang leiger ut til alle studentar, også norske.
—  Dermed kunne det vore greitt å ha fleire norske frivillige også, for å betre spegle studentgruppa vi leiger ut til, seier han.

Mål om trivsel, idrett og venskap


NTNUI Bumerang har tidlegare fått stor merksemd for sitt inkluderande arbeid, spesielt for deira bidrag til at utvekslingsstudentar finn seg til rette og kjem inn i sosiale miljø i Trondheim. I 2019 fekk dei Buddy-prisen av NTNU, for å fremme aktivitet og inkludering i studentmiljøet. Og det er nettopp dette som er målet til Bumerang, kan Rakke stadfeste.
—  Vårt mål er å leggje til rette for trivsel og idrett gjennom utleige av utstyr. Dette legg til rette for at fleire får ta del i arenaer for å danne venskap.

Bumerang har eit rikt utval av mellom anna ski for utleige.

Må booke utstyr på nett på førehand


Opninga torsdag viste også at verda har forandra seg sidan Bumerang sist kunne drive for fullt. Godt strukturerte køer og presise smitteverntiltak vart fulgt, og leiaren skryt av dei som var til stades på opninga. Det er gjort endringar i både rutiner og opningstider for å tilpasse seg til situasjonen. Alle bookingar må gjerast på førehand via nett, og utstyr må hentast i opningstida enten torsdag eller fredag kveld. Innlevering av utstyr skjer no kun måndagar, for å sikre nok tid til å vaske utstyr før det skal delast ut igjen. Men skal ein dømme ut frå opninga torsdag, kan ein trygt seie at eitt år med pandemi korkje har øydelagt turgleda til Trondheimsstudentane eller det store engasjementet til Stian Rakke og NTNUI Bumerang. Det vil nok bli skapt fleire turopplevingar og venskapsband på grunn av dei også i 2021.


Her kan du lese meir om Bumerang og sjå akkurat kva utstyr dei tilbyr.