Mange frå NTNUI på orienteringslandslaga

Tekst: Vegard Buset | NTNUI Blits | Foto: NTNUI Orientering

Før helga vart landslaga i orientering tatt ut. Med grøne auge var uttaka hyggeleg lesing, heile sju utøvarar frå NTNUI kom med. Desse fordeler seg på i alt tre ulike landslag.

Audun Heimdal er klar for A-landslaget i orientering. Foto: NTNUI Orientering/ Per Ivar Skinderhaug.

NTNUIar på A-landslaget


23-årige Audun Heimdal er den aller sterkaste løparen i det store orienteringsmiljøet i NTNUI. Han er verdsmeister i stafett i student-VM, og har også delteke i fleire verdscupkonkurransar. No har han fått plass på A-landslaget i orientering, som ein av kun seks norske herreløparar. Sportsleg leiar i NTNUI Orientering, Rasmus Theisen, fortel at det er tre år sidan sist ein NTNUlar kom med på A-landslaget, og skryt av Heimdal. Heimdal har også individuelle medaljar frå junior-VM. Dei siste åra har han kombinert studiene med orienteringssatsing i NTNUI, og får no altså plass på A-landslaget.

Fakta: NTNUIarar og landslagsuttak (trykk for å utvide)
  • Desse utøvarane frå NTNUI er med på dei ulike landslaga:
  • A-landslaget: Audun Heimdal
  • Next Generation: Ingrid Lundanes, Ane Dyrkorn, Elias Jonsson, Eirik Langedal Breivik
  • Junior: Sigurd Paulsen Vie, Jenny Baklid

Rekrutteringslandslag for unge utøvarar


Som i mange andre idrettar er steget frå juniornivå til høgt internasjonalt nivå stort. Eitt av grepa orienteringsforbundet har gjort, er innføringa av rekrutteringslandslaget “Next Generation”. Utøvarane der er normalt under 25 år, og får tett oppfølging av treningskvardagen av landslagsleiinga. Dei deltek også på dei fleste samlingane til A-landslaget. Her i Trondheim har gruppa eit samarbeid med Olympiatoppen på Granåsen for å planlegge og gjennomføre mellom anna: fysiske testar, styrketrening og ernæringsrettleiing. I år har fire utøvarar frå NTNUI blitt tatt ut på dette laget.

Viktig for treningskvaliteten

Ein av desse er Ingrid Lundanes (22), ein anna NTNUIar som har vore i verdstoppen for juniorar. Ho har mellom anna individuell medalje i junior-EM på merittlista, og var med på det norske laget som tok gull på stafett i student-VM. Lundanes var også med på rekruttsatsinga i fjor, og fortel at det å vere med på rekruttlandslaget er viktig for treningskvaliteten i kvardagen.
— Gjennom rekrutteringslandslaget får vi vere med på treningssamlingar med god matching, så det betyr mykje for meg som utøvar å vere med på dette laget, seier ho.

Ingrid Lundanes (i midten) og Ane Dyrkorn (til venstre) er begge med på rekrutteringslandslaget.
Foto: NTNUI Orientering/ Dagfinn Hole.

Få konkurransar i 2020

Både for Heimdal, Lundanes og dei andre orienteringsløparane har det sjølvsagt vore ein annleis sesong. Vårsesongen vart avlyst, og det same vart alle internasjonale konkurransar. Utøvarane fekk dermed ikkje høve til å konkurrere internasjonalt, og teste korvidt dei har klart å ta enda eitt steg mot verdstoppen.
— Dette er veldig synd, for det er snakk om unge utøvarar i stor utvikling her, seier sportsleg leiar Theisen.

Han er likevel optimistisk på utøvarane sine vegne, og trur utøvarane frå NTNUI vil utvikle seg ytterlegare gjennom det gode landslagstilbodet.

Ane Dyrkorn også inn på landslaget

Optimismen delast også av Ane Dyrkorn, som er ny på rekrutteringslandslaget i år. Til NTNUI Orientering seier ho at ho synest det er veldig stas at landslagssleiinga har trua på ho.
– Eg vart ganske overraska då eg vart ringt opp, for eg hadde ikkje tenkt så mykje over moglegheitane for å kome med, seier Dyrkorn.

Glad vart ho sjølvsagt likevel. No ser Dyrkorn fram til å bli landslagsutøvar, og gir uttrykk for det kjem til å verte både utfordrande, spanande og utviklande å vere del av landslaget i orientering.

Orienteringsgruppa samla i Frankrike i vinter. Foto: NTNUI Orientering