KoHortensamling (i Trondheim)

Hei. Mitt namn er Roger Dale og her kjem ein halvvegs fyldig rapport frå førre vekes forrykande treningssamling med NTNUI Roing  Med ein ny vår i anmarsj, så var det sjølvsagt dags for ein skikkeleg treningssamling i beste NTNUI Roing stil. Gjennom iherdig dugnad helga før vart bryggja og båtane montert i rekordfart, klare til hardt bruk på Nidelven. På førehand vart nærmare 60 roarar delt inn i 4 lag kalla Team FreeSpeed, AstraZeneca, SuperSonic og ikkje minst mitt lag Team Sputnik. Fokuset på smittevern var sjølvsagt tatt på høgste alvor gjennom heile treningssamlinga.

Team Free Speed i godt driv mot eksamensbrua

Som tilflytta vestlending var det nydeleg å få ein blanding av ekte vestlandske vikingforhold og litt pusete austlandsvér. Det strenge treningsregimet og høge konkurranseinstinktet til roklubben er sjølvsagt noko som har satt sine spor hos både nye og gamle roarar. Dette viste seg frå si beste side frå onsdag og heilt ut til sundagskvelden. Med 2 båtar kunne det køyrast race på Nidelven kvar einaste dag.
Neida, fokuset låg sjølvsagt på å utvikle raske catcher, få årene likt i avslutning og ein hemmeleg suksessoppskrift i mellom der som sjølvsagt ikkje kan delast med offentlegheita.

Gjennom heile veka vart det observert skodelystne folk langs Nidelven for å få med seg dei råaste krigarane Trondheim har å by på. Noko som verkeleg gjorde seg gjeldande når laga kom i x antal knop mot Solsiden for å skapa litt vårmagi på elva. Sjølv utan race i storstilt skala som på Jonsvatnet i haust, vart det sjølvsagt konkurranse for det. På fredag var det bakkeløp 5 gongar maks opp til festningen og laurdag hadde den ekstremt dyktige trenings og arrangementskomiteen laga klart «Disco stikkball» på SiT. Her gjekk sjølvsagt Team Sputnik med matchande rosa drakter, sigrande ut av duellen mot eit sjanselaust AstraZeneca lag.

Med blodige kne, nokon litt opphovne fingrar og solide sår i nevane, passa det godt med ein aldri så liten påskerebus på sundag. Her vart laga utfordra i eit forrykande snøvêr på 7 postar rundt Øya. Ein av postane var bergensquiz aka Ragnhild, meisternes meister post av Marte, etekonkurranse på Samfundet og Øya. Ikkje minst stompeski konkurranse a la skimeister Synnøve, der det til og med ryktes om beinbrudd og videoar av høgste underhaldningsfaktor.

Til slutt kom sjølve finalekonkurransen der gladiatorane frå kvart lag skulle kjempa om fyrsteplassen i Beermile på Øya stadion. Med 1609m og 4 rundar med styrting av øl, vart det ein konkurranse for tilværelsen der dagens solide vinnar Olav viste seg som mannen som beherska høgt alkoholinntak best, kombinert med springing sjølv Ingebrigtsens hadde måpa stort av. Dagens kvinne var det ingen tvil om at Aasta tok seg av med ein solid fjerdeplass totalt! Medan dagens mann tok Jonathan seg av, som trossa store utfordringar med Dahls 0,33L brusande ølboks og kara seg til ein ekstremt imponerande sisteplass på laupet.

12 krigarar på startstrekji

Med ein heilt ekstrem treningssamling i boks, måtte dette sjølvsagt avsluttast på ærverdig vis. Egontårnet på Tyholt vart erobra sundagskvelden og pizzabuffeten lukta svidd etter at den svoltne ro-gjengen hadde forsynt seg grovt av delikatessene som vart tilbydd. Alt i alt eit skikkeleg vellykka arrangement der ein stor takk må rettast til styret, trenings og arrangementskomiteen for eit av vårens store høgdepunkt.

Pallen etter beer mile

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *