NTNUI Rumpeldunk er i farta igjen

I tråd med den gradvise opninga av samfunnet, har også stadig fleire grupper i NTNUI byrja opp att med aktivitet. Rumpeldunkgruppa er ei av gruppene som dei siste vekene har vore kreative, og tenkt ut sosiale treningsformer i tråd med retningslinjene frå FHI.

Tekst: Vegard Buset | NTNUI Blits | Foto: Oskar G. Paulsrud

Grupper på fem

Trenar for NTNUI Rumpeldunk Amund Kulsrud Storruste.

— Vi har dei siste vekene hatt treningar i grupper på opptil fem, så det har sjølvsagt vore veldig annleis frå det vi vanlegvis gjer, fortel trenar Amund Kulsrud Storruste.

Han fortel at treningsopplegget har fokusert spesielt på fotarbeid og løpsteknikk, sidan dette er gode øvingar ein kan gjere med god avstand til andre. Inspirasjon til øvingane har han mellom anna funne på nettet, der det er mange andre trenarar som er i same, nye situasjon.  

— Dette har vore ein god moglegheit til å trene på ting vi vanlegvis nedprioriterer, er konklusjonen til Veslemøy Selvik. 

Ho er leiar i NTNUI Rumpeldunk, og glad for at gruppa igjen kan tilby aktivitet til sine medlemmar. Trenar Storruste fortel at sjølv om ikkje alle medlemmane var like motiverte for denne forma for trening, verka det som alle var godt fornøyde med å kunne treffast igjen. Han skildrer vidare hurtige retningsforandringar og akselererasjonar som noko av det gruppa gjorde mykje av i vekene dei kun kunne trene fem personar saman. Nokre styrkeøvingar vart også lagt inn i treninga, og desse øvingane vart styrt av ein fysioterapeut som spelar på laget.

Leiar i NTNUI Rumpeldunk Veslemøy Selvik. Foto: NTNUI Blits/Oskar G. Paulsrud
Fakta: NTNUI i koronatida (trykk for å utvide)
  • NTNUI og SiT innstilte all organisert treningsaktivitet torsdag 12.mars.
  • Sidan da har gruppene maksimalt kunne trent i grupper på fem.
  • Frå torsdag 7.mai opnar retningslinjene frå FHI for trening i grupper på 20, så lenge ein held minimum ein meter avstand.
  • NTNUI sitt rumpeldunklag er eit mixlag med om lag 25 spelarar

EM Utsatt

Ein kan trygt seie at våren vart annleis enn planlagt for rumpeldunkgruppa, som for så mange andre. Normalt skulle laget ha delteke i både NM og EM i løpet av våren. Spesielt EM i Belgia var å rekne for eit høgdepunkt. Trenaren fortel at billettar og overnatting var bestilt, og at laget gleda seg stort til å delta. NTNUI har oftast enda topp ti i EM, med eit naturleg høgdepunkt i semifinaleplassen i 2017. No får dei ikkje sjansen til å gjenta denne prestasjonen i år.

Les mer om NTNUI Rumpeldunk

Selvik og Storruste er imidlertid samde om at det no handlar om å gjere det beste ut av situasjonen. Dei er glade for å ha starta opp att aktivitet, og seier begge at rumpeldunkgruppa vil følgje råd og retninglinjer frå FHI framover. Sidan torsdag 7.mai har det vore lov å trene i grupper på 20, så lenge ein held minimum ein meter avstand. Men gruppa ser likevel ikkje på det som sannsynleg å kunne trene “normalt” i den komande tida.
— Vi driv med ballsport, og gler oss over at det no er opna opp for å kunne kaste ballen til kvarandre igjen, seier Storruste,  dei første vekene måtte vi bruke andre løysingar med kvar sin ball.

Storruste instruerar spelarane i NTNUI Rumpeldunk på trening. Foto: NTNUI Blits/ Oskar G. Paulsrud

Kjekt å kunne trefst igjen

Til tross for mindre varierte treningar enn vanleg, har i alle fall medlemmane i rumpeldunkgruppa kunne trefst igjen. Både norske og internasjonale studentar har møtt opp i Dødens Dal, og delteke i dette organiserte treningstilbodet. NTNUI si rolle som sosial arena og møtepunkt er ikkje akkurat mindre viktig enn vanleg i denne spesielle tida. Og framover kan altså enda fleire trefst, i tråd med dei nye retningslinjene. Kvardagen blir meir og meir normalisert, men idrettsgleda og fellesskapet er i alle fall til stades, akkurat som før.

Trening med avstand hos NTNUI Rumpeldunk. Foto: NTNUI Blits/Oskar G. Paulsrud