Meld deg som frivillig til Studentlekene!

Tekst: Kathrin Østrem
Foto: NSI/Privat

Foto: NSI

Studentlekene 2023 går av stabelen 22.-26. Februar. Leikane er ei samling
av student-NM og studentcup i ei rekkje idrettar på alle nivå. Det har hatt
stor suksess, og studentlekene i 2019 var tidenes største i Trondheim. Her
var det med 2251 deltakarar. I år skal me arrangere studentlekene nok ein
gong, og med det er ein avhengig av frivillige som kan bidra til å gjere
arrangementet så bra som mogleg. I den anledning har eg fått
rekrutteringsansvarleg i SL-styret, Nora Marie Wedege Irgens til å svare på
nokre spørsmål.

Rekrutteringsansvarlig i SL, Nora Marie Wedege Irgens
Foto: Privat

Kvifor burde ein melde seg som frivillig i SL?
– Ein burde søkje som frivillig i SL fordi det gir mange nye vennskap på
kryss og tvers av studie og idrett. Ein får vere med på å forme eit av
Noregs største idrettsarrangement. Ein får vere med på å skape store
idrettsaugneblinkar, idrettsglede og minnerike opplevingar for
studentar frå heile landet. Det er også eit kort, lærerikt og kjekt verv.
Ein får gode utbytte av å vera med: ein får lært mykje nytt om korleis
idrettsarrangement blir til og ein blir ein del av eit team og eit godt og
sosialt fellesskap.


Kven kan melde seg på som frivillig?
– Alle som synst at studentleikane høyrest kult ut kan søkje.


Treng ein nokre forkunnskapar for å vere med?
– Du treng ikkje nokre forkunnskapar for å vere med, engasjement og
interesse er meir enn bra nok.


Kva er det beste med å vere med som frivillig i SL?
– Det beste med å vere frivillig i SL er først og fremst folkene. I tillegg
lærer ein vanvittig mykje om både planlegging og gjennomføring av
større arrangement.

Rekrutteringsansvarleg, Nora Marie avsluttar med å leggje til at ein har både
store og små stillingar, med mykje og mindre ansvar. Det er heilt opp til kor
mykje tid og energi ein ønskjer og kor stor kapasitet ein har å leggje til.
Høyrest dette interessant ut? Ikkje nøl med å melde deg på! Studentlekene
treng frivillige for at arrangementet skal bli så bra som mogleg. Det er både
kjekt, lærerikt og det ser bra ut på CV-en.