NTNUI dykkargruppa driv ikkje berre med populære dykkerturar og -kurs, dei har også havryddedugnad fire gongar i året. I helga var dei på Solsiden, og dei er godt nøgd med korleis det gjekk.
Tekst: Vegard Buset | NTNUI Blits | Foto: NTNUI Dykkargruppa
Fjerna søppel frå havet
Laurdag gjennomførte NTNUI dykkargruppa “Ocean Clean Up” i Dokkbassenget på Solsiden. Normalt gjer gruppa dette fire gongar i året, men grunna koronapandemien hadde gruppa ikkje fått reinska opp sidan mars.
— Vi fjerner i grunn alt vi kan finne av søppel, det seg vere plast, syklar eller anna rusk, seier Fei Song, som er dugnadsansvarleg i dykkargruppa.
Stort oppmøte
Aksjonen laurdag hadde godt oppmøte av frivillege frå dykkargruppa, og 25 ivrige NTNUIarar bidro til å gjere hamna på Solsiden litt reinare. Deltakarane fordelte seg på 11 dykkarar og 14 frivillege på land. Fleire av deltakarane uttrykte at dei synest det er naturleg at dykkargruppa bidreg til reinare hav, sidan dei sjølv brukar havet så mykje i sin aktivitet. Song understreka på si side at NTNUI og gruppa står for mykje meir enn kun idrettsleg aktivitet, gruppa og medlemmane kjenner også på eit ansvar for miljøet og for havet.
TV-aksjonen har også fokus på hav i år
“Ocean Clean Up” gjennomførast normalt fire gongar i året, og staden det ryddast på alternerar mellom Ila, Solsiden og Skansen. Prosjektet til dykkargruppa er ikkje knytt til årets TV-aksjon, som dreier seg om plastfritt hav, sjølv om dei same måla delast. TV-aksjonen gjennomførast i år 18.oktober, og har fokus på å forbetre avfallssystema i Søraust-Asia, med eit mål om å redusere plastutsleppa med 7000 tonn årleg. Dykkargruppa sin tradisjonsrike aksjon fokuserer meir på å fjerne avfall som allereie er i havet lokalt, men dugnadsansvarleg Song seier gruppemedlemmane også skal stille som bøssebærarar under TV-aksjonen.
Nøgd med haustens aksjon
Og “fangsten” frå aksjonen i helga vart stor nok til å fylle ein heil tilhengar, som vart frakta til idrettsbygget på Dragvoll. Derfra tok Trondheim Renholdsverk over avfallet, og sørga for at det vart ivareteke på ein langt betre måte enn ved å bli kasta i havet. Dugnadsansvarleg Song var godt nøgd med resultatet, og at dykkargruppa har bidrege til å gjere havet rundt Trondheim litt reinare.
På det gamle NTNUI-kontoret hang det ein lett formanande lapp med påskrifta “NTNUI er grøne, så la oss oppføre oss grønt”. Det er lett å slå fast at dykkargruppa lukkast med å drive i tråd med dette prinsippet, og er medvite at både studentar, idrettslag og studentidrettslag bør ta og føle ansvar for miljøet og samfunnet.